NB! KURS hjå Arne Askeland 27. - 28. Januar 2018. Meld di interesse HER!

Nettbasert kurs: "Frå stokk til bjørn"

Motorsagkunstnar Arne Askeland lærer deg å skape dine eigne skulpturar på internett.

Har du og lyst å laga ein bjørn?

Motorsagkunstnar Arne Askeland lærer deg korleis.

  • Har du lyst å bruka motorsaga til noko kreativt ?
  • Kva med å imponera naboen med ein sjølvlaga skulptur i hagen?
  • Har du lyst til å læra deg kunsten å laga skulpturar med motorsag?

Då er dette kurset skreddarsydd for deg!

Frå stokk til bjørn. Steg for steg - Kutt for kutt

I dette videobaserte internettkurset  får du lære korleis du lagar ein bjørn med motorsaga di.

I ein kursportal ligg det opplæringsvideoar som viser deg, steg for steg, korleis du skjer ut ein bjørn av ein tømmerstokk.

Straks du kjøper kurset får du tilgang til ialt 22 opplæringsvideoar.
Desse er oversiktleg fordelt, i 4 hovudsekvensar:

  1. Klargjering
  2. Blokking
  3. Forming
  4. Detaljar

 

Sånn ser kursportalen ut:

For kvart steg du skal ta er alt nøye forklart av Arne og tydeleg vist med motorsaga. Da er berre å trykka på kvar video og sjå steg for steg, kutt for kutt. Og så gjere det same sjølv.

Dette er innhaldet i modulane:

Modul 1:

Klargjering av stokk.
I denne første modulen får du mange gode tips om kva du må veta når du skal velga deg stokk, kva type treslag og kva type virke som eignar seg best.


Modul 2:

Blokking
Kor skal du byrja når du skal laga ein skulptur?
Her får du læra korleis du grov-formar skulpturen steg for steg, og gjer dei første kutta for å fjerna dei store betane.


Modul 3:

Forming
Skal du bruka ei motorsag til å forma med treng du å kunna nokre teknikkar som gjer dette enkelt og ufarleg.
I tillegg lærer du, kutt for kutt, korleis du skal hente ut bjørnen.


Modul 4:

Detaljar - Klør/pels
Mange seier dei er imponert over at skulpturane mine er så naturtro. Her ligg mykje av hemmeligheten i detaljar.
I denne modulen viser eg deg korleis du skjer klør og, ikkje minst, korleis du lagar pels på ein bjørn.


BONUS #1: 

Opplæringsvideoen "Korleis fila kjedet." Denne er veldig kjekk å ha med i verktøykassa vidare.
Du lærer korleis du skal fila kjedet for å få absolutt det beste resultatet. Eg har aldri filt på ein anna måte etter at eg lærte denne teknikken, som gjer deg lengre bét på kjedet og betre kutt. Uansett kva du skal bruke saga til.


BONUS #2:

Opplæringsvideoen "Korleis setje opp saga med carvesverd/ skulptureringssverd."
Her viser eg deg, steg for steg, korleis du kan omgjera den vanlege motorsaga di til ei sag som er perfekt til motorsagkunst.
Og kva som må vera tilstades på saga for at dette kan la seg gjere.
(Også denne har du sett, men god å ha med når du skal setja igong)

Bonus #3:

Medlemskap i lukka Facebook-gruppe.
Eg har ei lukka Facebook-gruppe der du kan få vera saman med andre som tar kurset på nett. I denne gruppa kan du be om råd, du kan leggje ut det du held på med og få tilbakemeldingar av andre kursdeltakarar og av meg. 

Eg er ofte innom og svara på spørsmål og gjev innspel.

 

Fordelane med å ta kurset på internett:

  • Du får innføring i kvart kutt og kvart steg du skal ta for å trylla fram ein bjørn ut av ein stokk.

  • Du kan sjå kvar kutt om igjen og om igjen.

  • Du kan gjera alt i ditt tempo.

  • Du kan ta kurset når da passar deg, kor da passar deg.

  • Du slepp å reisa nokon stad for å gå på kurs.

  • Du slepp utgifter til reise/kost/losji.

  • Da er rimelegare enn å gå eit "fysisk" kurs. (Som skjeldan vert tilbydd)

  • Du får tilgong til kurset i 1 år. 

  • Du kan difor gå tilbake å sjå kvar video om og om igjen og studera kva Arne gjer, igjen og igjen.

  • Du har tilgong til kurset kor enn du er, og har tilgong til internett

  • Du kan sjå kurset på pc, mac, nettbrett, iphone, android etc. 

  • Du slepp å ha prestasjonsangst for "kor flinke" dei andre på kurset er.

Ofte stilte spørsmål:

- Må eg investere i mykje dyrt utstyr når eg tar kurset?

Eg anbefalar at du investerer i eit nytt sverd og kjede som er særleg godt eigna til motorsagkunst. Dette er ikkje noko ein må gjere, men er ein fordel for å gjera saginga lettare. Prisen på dette utstyret ligg på rundt Kr. 1.300,- og du får linkar til kor du får kjøpt det på kurset.

- Eg er ikkje so god på internett og data. Får eg hjelp til det tekniske?

Ja.
Du vil få all den hjelpa du treng visst noko skulle vera uklart.
Om du idag brukar e-post og facebook vil denne kursportalen vera lett for deg å manøvrere i.

Kva om eg reiser på hytta. Har eg tilgang til kurset der eller er det lasta ned til mi maskin heime?

Så lenge du har tilgang til internett vil du ha tilgang til kurset. Kurset ligg på ein portal, og du har tilgang uansett kor du logger deg på.

Eg ynskjer å kjøpa kurset. Kva gjer eg no?

Om du ynskjer å kjøpa kurset, trykkjer du på ein av knappane som seier "Bestill kurset her!"
Du vil då bli tatt til ei sida, der du legg inn namn, adresse, samt opprettar eit passord, som du skal bruka for å logga inn til kurset.
Du legg så inn kortopplysningar i den trygge betalingsportalen. Når dette er gjort, mottar du ein e-post med innlogging til kurset, og du kan straks gå i gong.

 

Kva kostar kurset?

 For Kr. 3.990.- får du tilgong til kurset i eit heilt år!

Vil du gå eit fysisk kurs hjå Arne, kostar det kr. 7.900,- men dei vert satt opp SÆRS sjeldan.

14 dagar 100% NØGD eller pengane tilbake!

Om du kjøper kurset og ikkje vert nøgd, gjer eg deg pengane tilbake, innan 14 dagar, utan spørsmål.

Da viktigaste for meg er at DU skal verta nøgd. 

Du skal i alle fall ikkje risikera å tapa noko!

Dette seier tidlegare kursdeltakarar:

Litt om meg, Arne Askeland

Eg har heilt sidan eg var liten gut elska å forma skulpturar i tre og leire, men da var først då motorsaga vart introdusert som verktøy i 2010 at det tok heilt av. No lever eg av å vera motorsagkunstnar og har etterkvart satt nokre spor etter meg rundt om.

Norsk Folkemuseum

Våren 2016 fekk Arne i oppdrag å saga ut 18 dyr i fullstørrelse til Norsk Folkemuseum på Bøgdøy. Tre kyr, fira kviger, ein kalv, fira sauer og seks geit laga av Askeland kan du få med deg om du vitjar muséet.

Søreide Kirke - Bergen

Denne julekrybba var eit bestillingsverk til kyrkja sitt 40-års jubileum i 2013. Krybba vart vist på NRK 1 sine sendingar av julegudstenester det året.

Fjorden Cowboys

Våren 2017, i sesong 4 av "Fjorden Cowboys"  får du sjå korleis da gjekk til når Lothepus skulle få seg ein viking i tunet. Ein skulptur som har dukka opp i både VG, Dabladet, Se & Hør m.m. den seinare tid.

Ps. Til deg som er i eit forhold:
Da er utruleg kor mykje tid som er greit å bruka saman med motorsaga når den du bur ilag med får vakre skulpturar til hagen eller hytta i retur. ;)

---

Benytt deg av dette eineståande tilbodet,  og kom i gong med bjørnen din idag!

Bestill kurset her!

Har du Spørsmål? 

Ikkje nøl med å skriva til Arne på:
[email protected]